Sylvdalen – midt i Sunnfjord

Familien din er gullet ditt. Det kjæraste. Heimen kjem på andre plass. Og den ligg i Sylvdalen.

Mange ønskjer å bu landleg. Draumen om ein einebustad ligg sterk i oss. Ei dragning mot å vere fri, og herre i eigen heim. Men samtidig vil vi bu nær alt det vi treng for å leve gode liv. Skular, barnehage, butikkar og gode naboar.

Livet er hektisk. Det går fort, og det er mykje å gjere. Kvardagen går i eit. Då er det viktig at heimen er din oase. Staden der du får kvilepuls, og kan vere saman med dine kjære.
I Sylvdalen får du mektig utsyn over Naustdal og sjøen. Den gode fridomskjensla av å bu luftig, samtidig som du er nær fellesskapet, med eit etablert bustadfelt.

Vegen er kort ut i naturen. I praksis opnar du døra di og så er du der. Utsikta er alltid verdt ein stogg. Ein stad å nullstille seg, anten du vil jogge ein tur, eller du skal på jobb.
Det er godt å smake på naturen. På utsikta over fjorden, eller høyre suset frå skogen. Men du kan jo ikkje flytte langt unna alt heller. I Sylvdalen får du dei gode sidene av å bu i naturen. Og likevel er Naustdal sentrum berre nokre minutt unna med bil. Du slepp bruke mykje av tida di på å komme deg på jobb, levere barna i barnehage eller på skule, eller når du skal handle. Alt dette ligg like ved der du bur. Og når alle plikter er gjort unna, då bur du midt i roa. Høgt over Naustdal og fjorden.

Frå Sylvdalen er vegen kort til fylkets største arbeidsmarknad i Førde. Og til Florø. Her bur du midt i Sunnfjord.

Sylvdalen er eit nytt byggefelt – alle startar med blanke ark. Det er ei god oppskrift på eit godt naboskap. Samtidig ligg ein i forlenginga av eit etablert felt, og den eksisterande infrastrukturen.
I Sylvdalen kan du nyte solnedgangar eller skogens song, på din eigen altan, og puste ut. Du er heime no.