Byggteam AS

Byggteam vart etablert i 1999. I 2009 flytta dei inn i nye lokale på Øyrane i Førde med kontor, lager og verkstad.
Dagens Byggteam AS er eit firma med stor breidde, som driv innan totalentreprisar av nybygg, rehabilitering og flis.
Ein leggstor vekt på å levere arbeid med høg kvalitet – til avtalt tid og pris. Ingen jobb er for liten, eller for stor.

Byggteam er stadig i utvikling, og har starta fleire selskap som driv med tomteland, kjøp og sal av eigedomar, totalleveranse av bustad og utleige av stillas.
Byggteam har fått utmerkingar som gaselle-bedrift i 2004, 2006, 2008 og 2009. Dette viser jamn og solid vekst i åras løp.

Byggteam leverer totalløysingar innan einbustad, fritids-og fleirmannsbustader.  Målet er å hjelpe kunden gjennom heile prosessen – frå planlegging til huset står klart til innflytting. Lang erfaring og kompetanse sikrar deg hjelp med å sette husdraumen ut i livet.

Vår lange erfaring, breidde og kompetanse sikrar nøgde kundar. Det er den beste motivasjon, drivkraft og referanse eit selskap kan få.